Kort fortalt

Varslar opprør mot ferjekutt

Aksjonerte med lastebilar forbi fylkeshuset.

11.11.2024

(NPK): Måndag køyrde ei gruppe lastebilar forbi fylkeshuset i Molde som protest mot kuttforslaga som rammar ferjetrafikken i Møre og Romsdal.

– Ferja er vegen vår. Utan ferje er det ikkje vits i å ha eksportvegar heller. Om ikkje ferja er tilgjengeleg når vi skal frakte varene ut i verda, kan vi ikkje konkurrere på lik line med andre i Noreg. Og det er kritisk, seier Per Otto Opstad til NRK Møre og Romsdal.

Opstad er leiar i Midsund næringsforum. Han er klar på at heile kysten kjem til å delta i ferjeopprøret. Det er langt frå berre Midsund og Aukra som er ramma, seier han. 

Frå før opplever øysamfunnet forseinkingar og innstillingar på grunn av at ferjene er gamle, og no kan det også bli færre avgangar.

– Det er øysamfunna langs kysten som alltid har vore dei med størst verdiskaping. Og då må det leggjast til rette frå regjeringa med pengar, slik at vegen vår faktisk er open, seier Opstad.

Møre og Romsdal går med eit årleg underskot på meir enn 250 millionar kroner til ferjedrifta. Opstad seier han har medkjensle for kutta som fylkesdirektøren må leggje fram, og han etterlyser meir pengar frå høgare hald.

Han peikar på det han kallar underfinansiering frå staten, men seier at dei aksjonerer for at politikarane skal forstå kor kritisk ei skikkeleg ferjedrift er for samfunna langs kysten.

(©NPK)

Publisert: 11.11.2024 13:16

Sist oppdatert: 11.11.2024 13:16

Mer om