Kort fortalt

Vartdal-uhell stengte E39

Kring 500 liter diesel skal ha lekt ut.

04.07.2025

Diesellekkasje frå ein lastebil frå Vartdal Plast førte til at E39 ved Kyrkjegata i Ørsta blei stengt fredag, ifølgje Møre-Nytt

– Det har vore arbeid på E39 i natt. Der ein driv med forsterking av veg. Vegen skal asfalterast til hausten. Lastebilen skal ha tatt med seg eit kumlokk og det skal ha slått opp i dieseltanken, fortel innsatsleiar Ulf Kristian Rognstad til avisa. 

Jan Endre Vartdal, dagleg leder i Vartdal Plast, stadfestar til Sunnmørsposten at det var ein av deira bilar som var uheldig. 

Kring 500 liter diesel skal ha lekt ut, ifølgje politiet. 

Publisert: 04.07.2025 13:05

Sist oppdatert: 04.07.2025 13:05

Mer om