Kort fortalt

Vedum fryktar ikkje laksesøksmål

Trygg på at staten har sitt på det tørre.

23.08.2023

(NPK-NTB-Håkon Vatnar OIsen): Laksegiganten Mowi har varsla søksmål mot staten om lakseskatten. Finansministeren er likevel trygg på at staten har sitt på det tørre.

– Vi er heilt trygge på det juridiske grunnlaget, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.

Mowi hevdar botnfrådraget i grunnrenteskatten på havbruk er diskriminerande og i strid med EØS-reglar. Dei meiner skatten rammar store selskap uretteleg hardt.

– Vi har testa dette i leiande juridiske miljø, som seier vi har ei god sak, seier Mowi-sjef Ivan Vindheim til VG.

Botnfrådraget i skatten er på 70 millionar kroner. Vedum presiserer at botnfrådraget er likt for alle selskapa.

– Ikkje alle har like store overskot. Dei som har store overskot, har gleda av det, men dei har også gleda av botnfrådraget, seier Vedum.

Når Mowi ikkje får politisk gjennomslag, har dei rett til å prøve saka juridisk, medgir Vedum.

– Mowi har vore ein sterk motstandar av grunnrenteskatten heile vegen. Dei har meint at det var feil at dei måtte bidra meir til kystsamfunn og til fellesskap gjennom grunnrenteskatt, seier finansministeren.

Mowi hevdar på si side at regjeringa har vore ute etter å ta dei store selskapa.

– Vi får no eit heilt anna reknestykke, som gjer at vi ikkje får investert så mykje som vi ønskjer. Då er det ikkje lønnsamt å vere stor. Ein konsekvens er at selskapa blir splitta opp og vi får ein struktur som er ineffektiv. Ingen er tente med dette, seier Vindheim.

Mellom anna har SVs Kari Elisabeth Kaski tidlegare vore bekymra for at botnfrådraget kan føre til at selskap organiserer i mindre selskap for å sleppe unna skatterekninga.

Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge er ikkje overraska over det varsla søksmålet.

– Botnfrådraget gir openbert ulike konkurransevilkår mellom selskapa. Det er ei rekkje spørsmål som treng juridisk avklaring, seier Kristin Langeland, direktør for kommunikasjon og næringspolitikk i Sjømat Norge til E24.

(©NPK)

Publisert: 23.08.2023 14:36

Sist oppdatert: 23.08.2023 18:31

Mer om