Kort fortalt

Vedum krev varig senka reiselivsmoms

– Krisa er langt frå over, seier Sp-leiaren.

27.07.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner reiselivsmomsen må senkast permanent til 8 prosent.

– Den tydelege bodskapen frå turistnæringa er at krisa er langt frå over, seier Vedum.

NTB følgjer denne veka Sp-leiaren på valkamptur i Nord-Noreg, der han har besøkt fleire hardt pressa turistdestinasjonar.

På Nordkapplatået var det skrint med folk då Vedum kom på besøk. Eitt av dei store hotella på staden held framleis stengt. I Kirkenes lurer reiselivsbedrifter på korleis dei skal overleve det kommande året.

No slår Vedum alarm. Han trur reiselivet vil trenge hjelp i lang tid framover.

– Vi må ha ei open tilnærming, lytte på næringa og sjå korleis vi kan løfte den over den siste kneika, seier han.

Åtvarar mot utfasing
Vedums svar er eit krav om varig senking av reiselivsmomsen.

I oktober skal den mellombelse halveringa av reiselivsmomsen frå 12 til 6 prosent blir fasa ut. Halveringa vart innført som ein del av koronakrisepakkane i fjor og har vorte forlengt fleire gonger.

Ei utfasing av tiltaket vil gjere det dyrare å vere turist i Noreg, åtvarar Vedum.

– Det blir ein ekstra stein til byrda for ei turistnæring som har hatt eit veldig tøft år. Vi bør bruke avgifter til å hjelpe dei, ikkje straffe dei, seier han.

– Vi har motsett ambisjon. Vi vil gjere det billigare å vere turist i Noreg.

Vil gjere endringa permanent
Vedum innrømmer at senking av momssatsen for reiseliv og transport ikkje er meint som eit reint krisetiltak frå Senterpartiet side. Han vil at endringa skal bli permanent.

– Eg meiner avgiftsnivået på norsk turistnæring ikkje bør vere høgare enn i Sverige, seier Vedum.

I Sverige ligg reiselivsmomsen på 8 prosent, slik han òg gjorde i Noreg fram til 2016.

(©NPK)

Publisert: 27.07.2021 17:41

Sist oppdatert: 27.07.2021 17:46

Mer om