NPK-NTB: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum lovar sterkare tollvern i ei Ap-Sp-regjering og at bondeinntekta skal opp på industriarbeidernivå.
Sp-leiaren garanterer ein opptrappingsplan for bondeinntekta på nivå med industriarbeidarlønn og lovar tøff kamp med Ap i regjering for auka tollvern, skriv Nationen.
– Målet mitt er at vi skal opp på industriarbeidarlønn, seier Vedum.
Sp-leiaren åtvarar mot å tru at ein ny tollkamp med Ap vil bli enkel, og kallar motkreftene i Ap «beinharde».
– Den store kampen er kampen om tollvernet. Blir tollvernet endra, er det heilt krise, seier Vedum.
Publisert: 04.06.2021 08:22
Sist oppdatert: 04.06.2021 08:24