Hilde Wagemaker og hermanus Klein Hulse Orskogfjellet foto Ogne
TIL SALS: Hilde Wagemaker og Hermanus Klein Hulse har drive Fjellstova på Ørskogfjellet i over 19 år. Den er både arbeidsplass og heim for paret. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Vekst for fjellstova på Ørskogfjellet

Ekteparet bak fjellstova på Ørskogfjellet er tolmodig i salsprosessen.

04.06.2024

Hilde Wagemaker og Hermanus Klein Hulse har i fleire år hatt selskapet sitt, Fjellstova Ørskog Klein Hulse, ute for sal. Først vende dei seg mot norske kjøparar, før dei retta blikket mot utlandet, men understrekar samstundes at dei ikkje har tidspress.

Inntil dei har funne ein kjøpar driv dei selskapet vidare.

I fjor auka driftsinntektene for andre år på rad og fjoråret var også andre å på rad med høgare inntekt enn før koronapandemien og det andre året med eit resultat nesten i balanse. I koronaåra 2020-2021 var resultatet før skatt tilsaman 0,6 millionar i minus.

Ved utgangen av 2023 hadde selskapet ein bokført negativ eigenkapital på knappe 0,4 millionar kroner og ei samla gjeld på 1,2 millionar. I årsmelding skriv selskapet at det er lagt opp til ei nøktern drift som skal skape berekraftig økonomi. Basert på bestillingar og nye avtalar ventar selskapet inntektsvekst i år. Inntektsanslaget er konservativ og dialogen med kreditorane er god, slik at styret meiner det er grunnlag for vidare drift, heiter det i årsmeldinga.

Fjellstova Ørskog Klein Hulse as
Tal i mil. kroner20232022
Driftsinntekt5,75,2
Driftsresultat-0,050,005
Resultat før skatt-0,1-0,002

Publisert: 04.06.2024 13:53

Sist oppdatert: 04.06.2024 13:53