Hilde Wagemaker og Hermanus Klein Hulse har i fleire år hatt selskapet sitt, Fjellstova Ørskog Klein Hulse, ute for sal. Først vende dei seg mot norske kjøparar, før dei retta blikket mot utlandet, men understrekar samstundes at dei ikkje har tidspress.
Inntil dei har funne ein kjøpar driv dei selskapet vidare.
I fjor auka driftsinntektene for andre år på rad og fjoråret var også andre å på rad med høgare inntekt enn før koronapandemien og det andre året med eit resultat nesten i balanse. I koronaåra 2020-2021 var resultatet før skatt tilsaman 0,6 millionar i minus.
Ved utgangen av 2023 hadde selskapet ein bokført negativ eigenkapital på knappe 0,4 millionar kroner og ei samla gjeld på 1,2 millionar. I årsmelding skriv selskapet at det er lagt opp til ei nøktern drift som skal skape berekraftig økonomi. Basert på bestillingar og nye avtalar ventar selskapet inntektsvekst i år. Inntektsanslaget er konservativ og dialogen med kreditorane er god, slik at styret meiner det er grunnlag for vidare drift, heiter det i årsmeldinga.
Fjellstova Ørskog Klein Hulse as | ||
Tal i mil. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 5,7 | 5,2 |
Driftsresultat | -0,05 | 0,005 |
Resultat før skatt | -0,1 | -0,002 |
Publisert: 04.06.2024 13:53
Sist oppdatert: 04.06.2024 13:53