Kort fortalt

Vekst for sjømateksporten

Tredje beste mai månad.

03.06.2021

(NPK-NTB): Noreg eksporterte sjømat for 8,3 milliardar kroner i mai. Det er ein auke på 6 prosent samanlikna med mai i fjor.

Auken svarer til 484 millionar kroner, opplyser Noregs sjømatråd.

Målt i verdi er årets mai den tredje beste mai månad nokosinne for norsk sjømateksport.

– Laksen held fram veksten frå april, samtidig som vi har opplevd ein eventyrleg auke i eksporten av snøkrabbe og kongekrabbe til USA og Asia, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Det vart eksportert 83.000 tonn laks til ein verdi av 5,9 milliardar kroner i mai. Volumet fall med 1 prosent, men verdien auka med 316 millionar kroner, eller 6 prosent, samanlikna med mai i fjor. I mai var det Polen, Frankrike og USA som var dei største marknadene for norsk laks.

Sterk vekst for krabbane

Når det gjeld kongekrabben, vart det i mai eksportert 117 tonn til ein verdi av 47 millionar kroner i mai. Det er ein auke i volum på 151 prosent. Verdien auka med 31 millionar kroner (193 prosent) samanlikna med mai i fjor.

Det vart eksportert 773 tonn snøkrabbe til ein verdi av 132 millionar kroner i mai, ein auke i volum på 422 prosent. Verdien auka med 112 millionar kroner (581 prosent) samanlikna med mai i fjor.

Forsiktige optimistar

Sjølv om det framleis er nokre utfordringar, er det grunn til å vere forsiktige optimistar på vegner av sjømatnæringa, meiner Sjømatrådet.

Hittil i år er det eksportert sjømat for 44,7 milliardar kroner, noko som er 0,3 prosent meir enn i same periode i fjor.

(©NPK)

Publisert: 03.06.2021 09:19

Sist oppdatert: 03.06.2021 09:20

Mer om