Josefine Spiro 2 foto Marius
FOSNAVÅG: Josefine Spiro har starta historieforteljingsbyrået Joda Media som held til i Fosnavåg. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Vekst og minus for historieforteljingsbyrå

Tøffare for nytt Herøy-selskap.

Marius Rosbach
03.03.2026

Joda Media i Herøy auka inntektene i fjor, men kostnadene auka meir. Det gjer at 2025-rekneskapen endar opp med eit lite minus på botnlinja (sjå tabell under). 

Nett No omtala i fjor selskapet som blir drive av to søsken og ei mor og starta i 2024. Målet er å hjelpe bedrifter til å bygge merkevarene sine ved hjelp av strategi, film, tekst og foto i ulike formar. 

Joda Media AS  
Tal i tusen kroner20252024
Driftsinntekt760619
Driftsresultat-68200
Resultat før skatt-66208

Josefine Spiro er dagleg leiar og fortalde korleis selskapet fekk ein tøff lærepenge då dei brått mista fleire store oppdrag i løpet av fjoråret. 

Omsetninga auka likevel samanlikna med oppstartsåret, viser rekneskapen som no er offentleg. 

Selskapet sin eigenkapital var på drygt 120.000 kroner ved utløpet av året, og dei har ikkje langsiktig gjeld.

Josefine Spiro eig 50 prosent, Daniel Spiro eig 30 prosent og Hilde Mysen Løkken eig 20 prosent, av aksjane i selskapet. 

Publisert: 03.03.2026 10:38

Sist oppdatert: 03.03.2026 10:38

Mer om