Daniel Storeide Foto Kjetil Haanes
LITT NED: I fjor vart det ein liten inntektsnedgang for dagleg leiar og medeigar Daniel Storeide i Christian Gaard Bygdetun på Trandal ved Hjørundfjorden. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Veksten stoppa på Trandal

Minus for vertshus-, kulturarrangement og båtskyss-selskapet ved Hjørundfjorden i fjor.

02.10.2024

Med unntak av koronaåret 2020 har Christian Gaard Bygdetun på Trandal ved Hjørundfjorden hatt vekst og overskot sidan 2016.

I fjor greidde selskapet berre nesten å dra inn like mykje inntekt som i 2022, og resultatet snudde frå eit lite overskot til eit lite underskot (sjå tabell).

Tapte kontrakt
Selskapet hadde tidlegare kontrakt med Ørsta kommune om å drive skyssbåt på Hjørundfjorden. Då kontrakten var ute på ein andbodskonkurranse i fjor tapte Christian Gard Bygdetun konkurransen og oppdraget gjekk til selskapet Hjørundfjord Fjordservice.

Christian Gaard Bygdetun klaga til Klageorganet for offentlege anskaffingar (Kofa) og argumenterte med at kommunen ikkje hadde stilt krav om dokumentasjon knytt til tildelingskriteriet «miljø», som skulle telje 30 prosent når tilboda skulle leverast.

Christian Gaard Bygdetun as

Tal i mill. kroner

20232022

Driftsinntekt

15,716,2
Driftsresultat0,10,9
Resultat før skatt-0,50,5

Christian Gaard Bygdetung fekk ikkje medhald i klagen. Kofa konkluderte med at feilen knytt til dokumentasjon av miljøkriteriet ikkje var avgjerande for deltakinga i konkurransen, og at kommunen difor ikkje hadde avlysingsplikt, skreiv avisa Møre i oktober 2023.

– Dette har vore faste inntekter gjennom heile året, og for oss som driv ei sesongbedrift, vil inntektstapet sjølvsagt merkast, sa dagleg leiar Daniel Storeide til avisa,

Tre eigarar
Christian Gaard Gjestetun har tre eigarar, søskena Daniel Storeide (55 prosent) og Lenita Beate Storeide (35 prosent) - og Hallgeir Skorpen (10 prosent).

Skorpen har vore med på satsinga på Trandal heilt frå far til Daniel og Lenita, Frank Storeide, starta å bygge opp familiegarden til det reisemålet og reiselivsbedrifta Christian Gard Bygdetun er i dag.

Publisert: 02.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 01.10.2024 16:52

Mer om