Daniel Storeide Foto Kjetil Haanes
EIGAR OG DRIVAR: Daniel Storeide eig Christian Gaard Bygdetun saman med søstera Lenita Beate og Hallgeir Skorpen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Nytt toppår på Trandal

Med unntak av koronaåret 2020 har Christian Gaard Bygdetun sett inntektsrekordar kvart år sidan 2016.

28.09.2023

Driftsinntektene til Christian Gaard Bygdetun på Trandal passerte 16 millionar kroner i fjor (sjå tabell).

Vertshus-, kulturarrangement og båtskyss-selskapet ved Hjørundfjorden ligg i år an eit resultat omlag som 2022, både når det gjeld inntekt og lønsemd.

– Det ser forholdsvis greit ut, seier dagleg leiar og medeigar Daniel Storeide til NETT NO.

Christian Gaard Bygdetun as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt16,212,0
Driftsresultat0,91,7
Resultat før skatt0,51,6

Fire båtar
Nett no har Christian Gaard Bygdetun tre skyssbåtar i drift, etter ei grunnstøyting og havari for den fjerde i august.

Selskapet har hatt kommunalt skyssbåtoppdrag på Hjørundfjordeb, men miste den komande anbodsperiode til ein konkurrent. Selskapet klaga den avgjerda til klagenemnda for offentlege anskaffelsar og ei avgjerd er venta i løpet av kort tid, ifølgje Storeide.

I turistsesongen blir båtane brukt på Nordvestlandet, medan ein - Sylvkallen - har vore utleigd til kvalsafari med base i Tromsø i tre vintrar.

Tre eigarar
Christian Gaard Gjestetun har tre eigarar, søskena Daniel Storeide (55 prosent) og Lenita Beate Storeide (35 prosent) - og Hallgeir Skorpen (10 prosent).

Skorpen har vore med på satsinga på Trandal heilt frå far til Daniel og Lenita, Frank Storeide, starta å bygge opp familiegarden til det reisemålet og reiselivsbedrifta Christian Gard Bygdetun er i dag.

Publisert: 28.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 28.09.2023 08:08

Mer om