Kort fortalt

Ventar jojo-prisar på drivstoff

Hard konkurranse pressar prisane på bensin og diesel.

14.01.2026

(NPK-NTB): Det blir varsla jojo-prisar for bensin og diesel framover. Det har vorte fleire elbilar og konkurransen om dei attverande fossilbilane har vorte skarpare.

– Konkurransen om voluma har vorte mykje tøffare. Auken i elbilar har redusert etterspurnad etter både bensin- og dieselbilar, noko som har skjerpa konkurransen mellom drivstoffstasjonane. Rundt 17 kroner per liter er eit nivå der marginane byrjar å bli svært pressa, seier direktør Henning Aarsand i drivstoffselskapet Automat1.

Nettavisen skreiv måndag om priskrigen på drivstoff.

Automat1 seier dei til kvar tid vil presse ned prisane på bensin og diesel og at dei overvaker prisen hos dei nærliggjande stasjonane.

– Prisane endrar seg veldig fort, og framover vil vi sjå hyppare prisendringar. Av og til blir prisen endra fleire gonger i løpet av dagen, seier han.

Tysdag var den lågaste prisen i Noreg 17,99 kroner for diesel og 17,59 kroner for bensin. Samtidig var den høgaste prisen 23,08 kroner for diesel og 22,97 kroner for bensin.

– Det illustrerer kor store forskjellane er. For prisane er det gjerne først éin stasjon som kuttar, og så følgjer nabostasjonane raskt etter, seier Syver Orhagen som står bak appen DrivstoffAppen der ein kan sjekke pris til dømes nær der ein bur.

At prisane er på veg nedover no kjem først og fremst av hard lokal konkurranse. Han seier at trenden no er hyppig prisendringar gjennom dagen. Det er ikkje uvanleg med store forskjellar frå morgon til ettermiddag, også på same stasjonen.

(©NPK)

Publisert: 14.01.2026 06:30

Sist oppdatert: 14.01.2026 06:30

Mer om