Kort fortalt

Ventar mykje lågare vekst i økonomien

Ferske SSB-tal.

09.12.2022

(NPK-NTB): Veksten i norsk økonomi kjem til å minke i tida som kjem. Statistisk sentralbyrå ventar mykje lågare vekst neste år.

– Staten får rekordhøge inntekter frå olje- og gassverksemda, inflasjonen er langt over inflasjonsmålet og det er høgt press i arbeidsmarknaden. Det siste pleier å samanfalle med oppgangstider i økonomien, men slik er det ikkje no, seier SSB-forskar Thomas von Brasch.

Han peikar på at sjølv om arbeidsløysa er rekordlåg, er produktiviteten også låg. Det trekkjer i kvar si retning. I tillegg verkar den høge inflasjonen og aukande renter dempande på økonomien.

– Det er eit samansett bilete. Vi ventar ein moderat nedgang i økonomien på kort sikt. Nivået på aktiviteten er likevel konjunkturnøytralt, og skal halde fram med å vere det, seier han.

Publisert: 09.12.2022 08:30

Sist oppdatert: 09.12.2022 08:31

Mer om