Ventar over dobling av global KI-marknad
Pilane peikar rett opp dei neste åra, ifølgje rapport.
(NPK): I 2023 vart marknaden for kunstig intelligens (KI) anslege til 540 milliardar dollar. Truleg vil dette auke til 1270 milliardar dollar innan 2028.
I ein ny rapport frå Sopra Steria Next kjem det fram at KI som no utgjer seks prosent av den globale IT-marknaden, innan 2028 vil auke til å representere 10 prosent.
– Dette viser absolutt at utviklinga går i riktig retning, samtidig ser vi at fleire av Noregs verksemder slit med å halda tritt. Vi oppfordrar norske verksemder til å sjå kor dei sjølv ligg i forhold til denne utviklinga, seier Caspar Lund, leiar for kunstig intelligens i Sopra Steria.
Berre 1 av 7 oppstarta KI-prosjekt når produksjonsfasen. Rapporten viser at fleire verksemder tykkjer det er utfordrande å gjennomføra ein pilot til storskalabruk av KI.
– Vi må sørga for at vi ikkje berre utviklar pilotar, men klarar å realisera betre og meir effektive produkt og tenester. Verksemder som får til det, vil fort bli meir konkurransedyktige, seier han og legg til:
– KI er ein kraftfull teknologi som har potensial til å forandra spelereglane for verksemder i alle bransjar. Dei som aktivt tek i bruk KI i dag, får ein betydeleg fordel i morgon.
(©NPK)
Publisert: 19.09.2024 14:07
Sist oppdatert: 19.09.2024 14:07