Kort fortalt

Ventar to rentekutt i år og tre neste år

Ferske tal frå SSB.

17.06.2025

(NPK-NTB): Handelskonfliktar gir lågare rente i Noreg, melder SSB, som ventar to rentekutt i år.

– Vi ventar to rentekutt i år og tre til neste år. Fleire arbeidsledige, lågare underliggjande prisstigning, og dessutan lågare etterspurnad og lågare renter internasjonalt, trekkjer i retning av lågare rente her heime, seier Thomas von Brasch, forskingsleiar i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Styringsrenta har lege på 4,5 prosent sidan desember 2023. SSBs anslag tilseier at ho vil komme ned i 3,25 innan utgangen av neste år.

– Vi ventar at veksten held fram i åra framover. Grunnen til det er lågare renter, framleis høg lønnsvekst, auka satsing på forsvar og eit omslag i bustadbygginga, seier von Brasch.

I mars anslo SSB ein klar vekst i den norske økonomien. Dei understrekar at utsiktene for den økonomiske aktiviteten hos mange av Noregs handelspartnarar har vorte forverra sidan førre anslag.

– Auka handelskonfliktar og ein uføreseieleg amerikansk politikk trekkjer ned den økonomiske aktiviteten, også her heime. Etter eit lite kvileskjer i 2026, kjem norsk økonomi tilbake til ein meir normal situasjon i 2027, seier han.

Publisert: 17.06.2025 09:47

Sist oppdatert: 17.06.2025 09:47

Mer om