Verdsleiande atomekspertar til Loen
Samla til konferanse i Stryn-bygda.
(NPK): Haldenprosjektet er eit internasjonalt forskingsprosjekt med mål om å betre tryggleiken ved kjernekraftverk. No er alle medlemslanda samla til ein stor konferanse i Loen.
Haldenprosjektet blir administrert av Institutt for energiteknikk (IFE) og ligg under OECD-organisasjonen Nuclear Energy Agency (NEA). Statlege tryggingsorganisasjonar, nasjonale forskingsstiftingar og industribedrifter frå 15 land deltek og samarbeider i prosjektet.
27. til 31. mai samlast leiande tryggingsekspertar og representantar frå desse i Loen i Vestland.
På programmet står fleire av dei leiande ekspertane i verda innan atomtryggleik, mellom anna Direktør for Nuclear Energy Agency, William D. Magwood IV, og fleire ekspertar frå medlemsland som USA, Japan og Korea.
– Haldenprosjektet har gått føre seg i 66 år og gjort reaktorar over heile verda tryggare. Sjølv om trenden internasjonalt er eit meir krevjande samarbeidsklima, er det ikkje slik i Haldenprosjektet. Uavhengig av politisk regime og ulikskapar, kjem ein saman for å gjere verda tryggare, seier administrerande direktør i IFE, Nils Morten Huseby, i ei pressemelding.
(©NPK)
Publisert: 29.05.2024 09:34
Sist oppdatert: 29.05.2024 09:34