Verna vassdrag får vere i fred
Lite støtte til Frp-forslag.
Framstegspartiet er skuffa over at regjeringa ikkje støtta forslaget deira om å byggje ut vasskraft i verna vassdrag.
Rundt nyttår lufta Senterpartiet og Arbeidarpartiet tankar om å byggje ut verna vassdrag.
No gir ingen av dei støtte til representantforslaget frå Framstegspartiet om auke i utbygginga av verna vassdrag, skriv Nationen.
Saka blir debattert på Stortinget fredag. Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt, SV, Venstre, MDG og KrF har varsla motstand mot forslaget.
Energipolitisk talsperson Terje Halleland i Frp er skuffa.
– Det ser ut til å vere ein trend blant regjeringspartia at dei frontar primærpolitikken sin i media og prøver å skape inntrykk av at det er regjeringas politikk, for deretter å stemme ned Frps forslag i Stortinget som om ingenting har skjedd, seier Halleland til Nationen.
Publisert: 19.03.2022 09:25
Sist oppdatert: 19.03.2022 09:26