Kort fortalt

Vest Buss konkurs

Vest Buss Norge as, Vest Bussgruppen as og Vest Buss Sverige AB slår seg konkurs.

25.10.2016
- Vi har arbeidd lenge for å finne løysingar, men klarte det ikkje. Utfordringa er ikkje innteninga men finansiering og gjeldssituasjonen, seier styreleiar for Vest Buss Gruppen AS, Per Dag Nedreberg,
Så seint som i sommar låg Vest Bussgruppen an til å nå sitt beste år nokon sinne, med 213 selde bussar i 2016.
- Raradokset er at prognosene tilseier eit overskot på seks millionar kroner for 2016. Utfordringa handlar om stor gjeld til Iveco der vi ikkje har klart å få til finansiering, seier Nedreberg til avisa og viser til det store underskotet i 2015 . Det gjorde at heile eigenkapitalen forsvann. Etter det har ikkje Vest Buss-systemet fått hovudet over vatnet. No misser 65 personar jobben.

Publisert: 25.10.2016 15:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43