Knut Flakk Jan Christian Vestre Roger Hofseth mai 23 Ålesund
– Vi er svært takknemlege for alle som investerer og skattar i Noreg, som byggjer landet vårt, seier Ap-nestleiar Vestre. Her saman med Knut Flakk og Roger Hofseth på eit møte i Ålesund, då Vestre var Næringsminister. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Vestre vil ha brems i pengebruken

Seier offentlege utgifter ikkje kan halde fram med å ese ut.

06.02.2025

NPK-NTB: Ap-nestleiar og helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre seier at regjeringa skal vere meir kritisk til offentleg pengebruk og bruke ressursane meir effektivt.

– Vi bruker meir pengar på helse enn nesten alle land i verda. Kvalitet kostar pengar, og vi skal halde fram med å investere i god velferd, men vi kan ikkje berre auke løyvingane år etter år. Vi må bruke pengane smartare, seier Vestre til VG.

Han understrekar at dette ikkje skal skje i eit vakuum og at dei vil jobbe tett med dei tillitsvalde gjennom trepartssamarbeidet.

Han fortel at regjeringa no vil «starte arbeidet med nødvendige reformer for økt konkurransekraft og produktivitet, styrket omstillingsevne, flere lønnsomme investeringer og mer effektiv ressursbruk». Dette inkluderer eit skatte- og avgiftssystem som «fremmer både verdiskaping og rettferdig fordeling».

– Vi skal vere ei regjering for både å skape og dele. Eit konkurransedyktig og lønnsamt næringsliv er avgjerande – utan det har vi ingen verdiar å fordele eller finansiere velferdsstaten med. Vi er svært takksame for alle som investerer og skattar i Noreg, som byggjer landet vårt, seier Vestre.

Han understrekar også at regjeringa har eit ansvar for å forvalte skattepengane på ein god måte:

– Derfor set vi i gang nødvendige reformer og satsar på digitalisering av offentleg sektor. Mantraet vårt er å fornye, forsterke og forbetre velferdsstaten.

Publisert: 06.02.2025 10:22

Sist oppdatert: 06.02.2025 10:22