Kort fortalt

VG: 75 fly innstilte i dag

Flest frå Widerøe.

29.06.2022

Ifølgje VG er 75 flyavgangar kansellerte onsdag 29. juni. Det kjem av etterslep som følgje av flyteknikarkonflikten.

Widerøe har kansellert 36 flygingar, SAS har kansellert 33, Norwegian 4 og KLM har kansellert to avgangar.

Flyteknikarkonflikten vart avslutta med tvungen lønnsnemnd tysdag, men det kan ta tid før flyselskapa har alt på plass slik det var før streiken.

– Det vil ta dagar, og det kan ta veker før vi er der vi ville ha vore utan konflikten, sa kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til NTB etter at regjeringa greip inn tysdag.

Widerøe har måtta kansellere fleire hundre avgangar som følgje av konflikten, og flyselskapet vil framleis slite med etterslep for å få alt på plass igjen.

Norwegian ventar noko etterslep av teknisk vedlikehald.

– Målet er likevel å gjennomføre alle flygingar som står på programmet, skriv selskapet i ei pressemelding.

Også SAS varslar om noko etterslep, men satsar på normal drift så raskt som mogleg.

Publisert: 29.06.2022 08:12

Sist oppdatert: 29.06.2022 08:12

Mer om