Kort fortalt

Vi et for lite fisk

Nordmenn et generelt for lite fisk. Men menn et meir fisk enn kvinner.

20.09.2016
(NPK): Kvinnene et helst kvitfisk, medan kvinnene føretrekkjer feitfisk.
Det kom fram på konferansen «Sjømat og helse» nyleg, der professor Lene Frost Andersen ved Universitetet i Oslo la fram tal om sjømatkonsum.
Tala kjem frå den landsomfattande kosthaldsundersøkinga Norkost blant menn og kvinner i Noreg i alderen 18– 70 år, skriv Fiskeribladet Fiskaren.
– Nær 40 prosent av mennene får i seg nok fisk, men ikkje riktig fisk, medan 31 prosent av kvinnene får i seg nok, sa Frost Andersen.
Menn har større inntak av kvitfisk enn feitfisk, medan det er motsett for kvinner. Tilrådinga i kosthald er 300– 450 gram per veke, der 200 gram skal vere feit fisk.
Barn ligg langt under dette nivået, med 25 gram per dag, og et sjeldan fisk som fiskepålegg.
– Ei gransking av matpakkar til barn viste at 4 prosent inneheldt fiskepålegg, medan 51 prosent inneheldt kjøtpålegg, sa professoren. (©NPK)

Publisert: 20.09.2016 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44