Kort fortalt

Vi går mindre på kino

Manglar skikkelege storfilmar.

10.05.2022

Billettsalet til norske kinoar har stupt sidan filmen «Spider-Man: No Way Home» gav ei historisk opningshelg i slutten av januar.

Ser ein på perioden januar til april, har kinobesøket gått ned med 37 prosent sidan 2018. Nedgangen er 22 prosent samanlikna med 2019. Det viser tal frå bransjeorganisasjonen Film & Kino.

– Det er klart det er dramatisk når ein ikkje er tilbake på det nivået vi hadde håpa og trudd enno, seier direktør Guttorm Petterson i Film & Kino til Aftenposten.

Norske kinoar sel vanlegvis rundt 1 million billettar i gjennomsnitt kvar månad. Dei fire første månadene i år vart det selt i snitt berre 659.000 billettar.

Mykje av årsaka er mangel på skikkelege storfilmar. Mellom anna er den norske storfilmen «Kampen om Narvik» utsett på ubestemd tid på grunn av krigen i Ukraina, og det har ikkje komme inn nokon erstattar av same kaliber.

Norske krigsfilmar er enormt populære. Eksempelvis vart «Den 12. mann» sett av godt over 600.000.

Publisert: 10.05.2022 09:41

Sist oppdatert: 10.05.2022 09:42

Mer om