Vi jobbar meir kveld, natt og helg
Ferske tal viser negativ utvikling.
(NPK-NTB): Fleire nordmenn jobbar ukomfortable arbeidstider no enn for seks år sidan, viser ei ny undersøking
I 2015 jobba 52 prosent av norske arbeidstakarar kveld. Den delen har no stige til 58 prosent i 2021, viser arbeidslivsbarometeret frå Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), ifølgje FriFagbevegelse.
Delen som jobbar om natta har auka frå 16 prosent i 2015 til over 18 prosent i 2021. Tidlegare er det menn som har jobba mest ukomfortabel arbeidstid, men dei siste åra har trenden snudd. No har kvinnene langt på veg teke igjen mennene og jobbar oftare kveld og natt, ifølgje YS. For jobbing laurdagar er auken på 4 prosentpoeng, frå 43 til 47 prosent.
– Trenden er urovekkjande. Det er nok fleire arbeidsplassar som syndar mot heilt grunnleggjande arbeidsvilkår. Vi må ikkje gløyme historia om kvifor vi har ei arbeidsmiljølov som seier noko om overtid, kvelds- og nattarbeid og jobbing i helgane, seier YS-leiar Erik Kollerud til FriFagbevegelse.
(©NPK)
Publisert: 20.09.2021 15:45
Sist oppdatert: 20.09.2021 15:46