Kort fortalt

Vi kastar mat for ti tusen kvar

Verdiar for tosifra milliardbeløp.

NPK
26.09.2022

(NPK): Norske hushald kastar i snitt mat for 10.000 kroner i året. Til saman blir dette 12,5 milliardar for heile befolkninga, viser tal frå opplysningskontora i landbruket.

– Matsvinn går føre seg i alle ledd i matverdikjeda, frå produksjon, i industri og handel til forbrukar. Likevel er det heime hos oss forbrukarar matsvinnet blir berekna å vere størst. Eit hushald på fire personar kastar 160 kilo mat i året, noko som svarer til 10.000 kroner i året, fortel Knut Bjørgen, leier kommunikasjon og marknad i Opplysningskontoret for Meieriprodukter i ei pressemelding.

– Matvarer blir bortgøymde inst i kjøleskapet, og mange kastar når dei ser på datoen, sjølv før dei har vurdert om maten framleis er etande. Det er lurt å ta seg ein titt i kjøleskapet før ein handlar. Altfor mange er dårlege på å planleggje og endar med å kjøpe for mykje mat og mistar oversikta, seier Iselin Bogstrand Sagen i Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Opplysningskontora i landbruket rår folk til å planleggje godt, oppbevare maten rett, bruke sansane, organisere kjøleskapet og ete opp restane.

(©NPK)

Publisert: 26.09.2022 09:42

Sist oppdatert: 26.09.2022 09:44

Mer om