Kort fortalt

Vi passerer 8 milliardar i år

India passerer neste år Kina.

11.07.2022

(NPK-NTB-AFP) Det er venta at verdsbefolkninga vil nå åtte milliardar 15. november i år, ifølgje FN. India vil også overgå Kina som det mest folkerike landet i verda i 2023.

Milepælen er ei «påminning om vårt felles ansvar for å ta vare på planeten og ein augneblink til å reflektere over kvar vi framleis har ein veg å gå med tanke på forpliktingane våre til kvarandre», seier FNs generalsekretær António Guterres.

Befolkningsprognosen, som er utarbeidd av FNs avdeling for økonomiske og sosiale saker, fortel at befolkninga i verda veks i det lågaste tempoet sidan 1950.

Det er venta at befolkningstalet i verda vil nå 8,5 milliardar i 2030 og 9,7 milliardar i 2050. Toppen vil vere på rundt 10,4 milliardar menneske på 2080-talet.

Sjølv om fødselstala fell i fleire utviklingsland, vil berre åtte land vere ansvarlege for meir enn halvparten av befolkningsveksten i verda dei neste tiåra.

Det gjeld Kongo, Egypt, Etiopia, India, Nigeria, Pakistan, Filippinane og Tanzania, ifølgje rapporten.

Publisert: 11.07.2022 08:12

Sist oppdatert: 11.07.2022 08:13