Kort fortalt

Vi reiste rekordmykje

Reisesugne nordmenn sette rekord.

25.11.2022

I 3. kvartal i år drog nordmenn på nær ti millionar reiser. Det er det høgaste talet som nokon gong er målt for eit enkelt kvartal i reiseundersøkinga.

Vi gjennomførte litt færre reiser innanlands i forhold til i fjor, medan kraftig vekst i reiser til utlandet bidrog til rekord samla sett.

Reiseundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at nordmenn drog på rundt sju millionar reiser i eige land i juli, august og september i år. Det er ein nedgang på 2,9 prosent frå same periode sist år.

Samtidig drog vi på litt under tre millionar reiser til utlandet, ein auke på heile 250 prosent frå 3. kvartal 2021.

2020 og 2021 var prega av reiserestriksjonar, og i desse åra reiste nordmenn i langt større grad enn tidlegare i eige land, medan utanlandsreisene svikta. Etter at reiserestriksjonane vart fjerna tidleg i år, strøymde nordmenn igjen over grensa.

– I 3. kvartal i år var talet på reiser til utlandet tilbake til same nivå som før pandemien. Samtidig har det høge tal Noregs-reiser som vi såg gjennom pandemien, halde fram utover i 2022. Dette førte til at det vart gjort rekordmange reiser av nordmenn i juli, august og september i år, seier rådgivar Boyd Oyier i SSB.

I 3. kvartal i år brukte vi cirka 71 milliardar kroner på reise. Det er 26 milliardar meir enn i fjor, og det høgaste beløpet som nokon gong er registeret i Reiseundersøkinga. Rundt halvparten av beløpet vart brukt på reiser i Noreg og halvparten på reiser til utlandet.

Publisert: 25.11.2022 08:57

Sist oppdatert: 25.11.2022 08:58

Mer om