Kort fortalt

Vi tek opp mindre lån

Lågaste vekst i gjelda i hushalda på over 20 år.

23.11.2022

Auken i gjelda til hushalda fall til sitt lågaste nivå på 20 år i oktober. Tolvmånadersveksten var ved månadsskiftet på 4,1 prosent.

Det er ned frå 4,3 prosent månaden før og den lågaste tolvmånadersveksten som Statistisk sentralbyrå (SSB) har registrert for hushaldssektoren på 2000-talet.

– Det kan sjå ut til at høgare rente dempar låneiveren for hushalda, seier seniorrådgivar Even Oppedal i Seksjon for finansmarknadsstatistikk i SSB.

Den innanlandske lånegjelda i hushalda utgjorde 4.134 milliardar kroner ved utgangen av oktober.

Medan hushalda trekkjer tolvmånadersveksten ned, var det i oktober først og fremst ikkje-finansielle føretak som trekte veksten opp. For den gruppa låg talet på 7,8 prosent fram til utgangen av oktober, opp frå 7,1 prosent månaden før.

I same periode har folk og næringsliv opplevd raskt stigande renter, samtidig som dei må bruke ein større del av inntektene til å dekkje auka kostnader.

Den innanlandske lånegjelda (K2) til publikum samla steg til 6.950 milliardar kroner ved utgangen av oktober. «Publikum» består av både hushald, ikkje-finansielle føretak og kommuneforvaltninga, ifølgje SSB.

Tolvmånadersveksten var 5,2 prosent fram til utgangen av oktober, opp frå 5,1 prosent månaden før.

Publisert: 23.11.2022 13:30

Sist oppdatert: 23.11.2022 13:31

Mer om