Vi trur på langvarig pandemi
Mange føler seg einsame.
I ei måling blant over 30.000 nordmenn svarer berre ein av fire at dei trur koronapandemien er over innan eit halvt år.
Nesten halvparten av spurde, 47 prosent, svarer at pandemien vil vare inntil eitt år til. 17 prosent svarer dei trur pandemien vil vare i opptil to år til, medan 10 prosent av dei spurde trur det vil ta endå lenger tid, viser svara Norsk koronamonitor har fått i undersøkinga for april.
Det er Opinion som lagar oversikta.
– Sjølv om litt fleire enn før trur at pandemien tek slutt innan eit halvt år, trur framleis tre av fire nordmenn at pandemien blir meir langvarig, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Mange svarer i undersøkinga på at dei føler seg einsame. På landsbasis svarer fire av ti at dei føler seg einsame på grunn av pandemien, men blant yngre og dei som bur åleine, oppgir heile 57 prosent at dei føler einsemda.
I Oslo svarer over halvparten, 51 prosent, at dei føler seg einsame.
Publisert: 15.04.2021 08:05
Sist oppdatert: 15.04.2021 08:07