Vidare gjenopning i fare
Auka smitte kan føre til utsetjingav trinn fire.
Smittesituasjonen fører til at delar av trinn fire i gjenopningsplanen til regjeringa kan bli utsett på nytt.
Det er den aukande smitten med deltavarianten som no skaper tvil om gjenopninga.
I tillegg vil det framleis ta nokre veker før alle over 18 har fått moglegheit til å ta første dose og få status som verna.
– Vi har eit litt høgt smittetrykk, så eg trur det beste er å vise til det eg og Bent sa tidlegare i veka, om at vi må ha vernet opp i befolkninga, sa statsminister Erna Solberg (H) til NTB på veg inn til regjeringskonferanse torsdag, der spørsmålet skulle opp til diskusjon.
Det er innkalla til pressekonferanse fredag for å orientere om avgjerda til regjeringa om vegen vidare.
I eit intervju med VG tidlegare i veka viste Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) til at stort sett alle over 18 år ved utgangen av denne veka vil ha fått tilbod om vaksinedose éin. Tre veker etter første dose vil dei få status som verna.
Ei sentralt plassert kjelde seier til NTB at det vil overraske om regjeringa likevel bestemmer seg for å gjennomføre heile trinn fire i gjenopningsplanen allereie no.
Etter det NTB kjenner til, har helsestyresmaktene tilrådd regjeringa å prioritere skule og utdanning først.
Det kan mellom anna innebere at avstandskravet blir fjerna i høgare utdanning.
Publisert: 12.08.2021 19:10
Sist oppdatert: 12.08.2021 19:11