Kort fortalt

Vidare nedgang for industrien

Aktiviteten fall for fjerde månad på rad.

03.04.2023

(NPK-NTB): Reviderte tal viser at april er fjerde månad på rad med fallande aktivitet i norske industriverksemder.

– Dette er i tråd med ei utvikling vi har sett i industrien over lengre tid. Det er ikkje noko som tyder på at han skal snu med det første, seier analytikar Oddmund Berg i DNB Markets til E24.

Industriaktiviteten (PMI), som er justert for normale sesongsvingingar, steig med eitt poeng til 48,3 i mars. Samtidig vart indeksen for februar revidert ned med 0,2 poeng. Trass i oppgangen frå februar er han godt under 50, ifølgje Dagens Næringsliv. Når indeksen viser nivå over 50 gir uttrykk for vekst.

Konklusjonen frå DNB er at aktiviteten i industrien er minkande.

Innleveringstida av leverandørane auka òg, og indeksen hamna på 52 poeng i mars. Lengre leveringstid kan knytast normalt til auka aktivitet, men kan også komme av leveringsproblem. 71 bedrifter svarte på undersøkinga i mars. Andelen av desse som melder om prisoppgang fall vidare i mars.

(©NPK)

Publisert: 03.04.2023 11:53

Sist oppdatert: 03.04.2023 12:28

Mer om