Kort fortalt

Videokonferanseselskap veks kraftig

Gjekk frå 25 til 90 tilsette på eitt år.

Marius Rosbach
12.02.2021

Videkonferanseselskapet Whereby har vekse frå 25 til 90 tilsette sidan januar i fjor, ifølgje Fjordenes Tidende.

I løpet av året har bedrifta med hovudkontor i Måløy også utvida verksemda til 20 land. Driftsleiar Frode Strømmen fortel at dei framleis har god tilstrøyming av nye brukarar, og at dei no leverer løysingar som til eksempel kan bli veva saman med nettsidene til større bedrifter.

Strømmen trur ikkje veksten dei har opplevd vil bli reversert.

– Det vil nok normalisere seg til eit visst nivå. Veldig mange har fått augo opp for video, og sjølv om ein ikkje kan erstatte alle typar møter, så har koronapandemien nok vist mange at ein god del typar møter kan flyttast over til digitale løysingar og mange reiser kan kuttast, seier han til avisa.

Publisert: 12.02.2021 08:18

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:52

Mer om