Kort fortalt

Vigra - Katowice

Opnar ny direkterute frå Vigra.

14.03.2019
Lavprisselskapet Wizz Air har i dag annonsert at dei startar ei ny direkterute mellom Ålesund og Katowice sør i Polen.
Oppstart vil vere 16. september 2019 og ruta vil ha to avgangar i veka, opplyser lufthamnsjef Tor Hånde.
Avgangsdagar er fredagar og måndagar med ein Airbus A320 med 180 seter.
Hånde opplyser at marknadsundersøkingar har vist eit stort behov for ei direkterute til det sørlege Polen ettersom det viser seg at det er mange polske statsborgarar som bur og arbeider i regionen som kjem frå sørlege Polen.

Publisert: 14.03.2019 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35