Kort fortalt

Viiral-studie ikkje godkjent

Må slette studie frå 2017.

18.11.2019
Viiral lagar ein nasespray som skal forebyggje forkjøling. Selskapet har hovudkontor i Hovedebygda. I 2018 hadde det to millionar kroner i driftsinntekter og 18,9 millioner kroner i underskot før skatt. Jan Remmereit er største aksjonær.
Sprayen inneheld sialinsyre, som ein mellom anna finn i sjøpølse.
Studien frå 2017 vart utført på ei gruppe pilotar og konkluderte med at sprayen reduserte sjukefråveret, Helsetilsynet krev at studien blir sletta fordi den mangla førehandsgodkjenning, var ikkje forsvarleg og organiseringa var ikkje god nok.
– Vi har gjort ein tabbe, og det er frykteleg dumt at vi ikkje får bruke resultata av studien i marknadsføring, seier dagleg leiar i Viiral AS, Frode Fagermo til NRK.
Viiral arbeider med eit nytt forskingprosjekt som er planlagt å ta eit halvt år.

Publisert: 18.11.2019 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31