Viking Sky-rapporten er klar
No kjem utgreiinga om cruise-beredskapen etter Viking Sky-havariet.
Denne veka leverer cruiseutvalet utgreiinga om beredskapssituasjonen knytt til den aukande cruisetrafikken i norske farvatn.
Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) får utgreiinga i Hustadvika i Møre og Romsdal onsdag.
Hustadvika er staden der cruiseskipet Viking Sky 23. mars i 2019 fekk motorstans under eit uvêr og dreiv mot land og var nær ved å grunnstøyte. Ingen menneske vart skadde i ulykka.
Vel eit halvår seinare vart det klart at regjeringa ville setje ned eit cruiseutval som skulle sjå på sjøsikkerhets- og beredskapsmessige utfordringar knytt til cruisetrafikken i norske farvatn.
Utvalet har vore leidd av Kjerstin Askholt, som er tidlegare sysselmeister på Svalbard, og noverande politimeister i Agder.
Publisert: 21.02.2022 10:28
Sist oppdatert: 21.02.2022 10:30