Kort fortalt

Viktig fiskeriavtale i hamn

Noreg samd med EU og Storbritannia om fiskekvotar.

10.12.2021

Noreg har forhandla fram ein fiskeriavtale for 2022 med EU og Storbritannia. Torskekvoten fortset på eit rekordlågt nivå òg neste år.

Fredag vart trepartsavtalen om forvaltning av fellesbestandane i Nordsjøen signert, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

– Ei berekraftig forvaltning av bestandane i Nordsjøen er avhengig av at Noreg, EU og Storbritannia blir samde om totalkvotar. Denne semja legg grunnlaget for dei bilaterale avtalane, og eg er veldig fornøgd med at vi no har fått på plass ein avtale, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei fråsegn.

Nokre kvotar aukar frå i fjor, medan andre er reduserte.

Totalkvoten på sild aukar med 20 prosent samanlikna med 2021, medan totalkvoten på sei blir redusert med 24 prosent.

Torskekvoten er sett til same nivå som i 2021 og held dermed fram på eit rekordlågt nivå òg neste år.

– Eg har forståing for at 2022 blir eit nytt krevjande år for norske fiskarar, men det er dessverre nødvendig for å ta vare på torskebestanden i Nordsjøen, seier Skjæran.

Publisert: 10.12.2021 19:06

Sist oppdatert: 10.12.2021 19:07

Mer om