Vil bli mindre handlingsrom på samferdsel
Statsministeren om framtidsutsiktene.
(NPK-NTB): Regjeringas økonomiske handlingsrom vil bli mindre på samferdsel framover, men satsinga vil framleis liggje på eit høgt nivå, seier statsminister Erna Solberg.
Fredag presenterte regjeringa Nasjonal transportplan 2022 – 2033, som får ei totalramme på 1.200 milliardar.
– Pengar brukt til samferdsel bidreg til nokre av dei aller viktigaste måla for Noreg framover. At vi kan skape meir, og at vi kan inkludere fleire i arbeid, sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen til regjeringa.
– Vi legg til rette for næringsliv over heile landet og vi satsar på ein måte som bidreg til det grøne skiftet. Det kjem over 80 nye prosjekt i første periode. Vi byggjer nytt frå nord til sør, sa statsministeren.
Ho seier det økonomiske handlingsrommet til regjeringa kjem til å bli mindre framover, men at satsinga på samferdsel framleis vil liggje på eit høgt nivå.
– Med ny nasjonale transportplan 2022–2033 blir den historisk store satsinga som vi har hatt dermed vidareført. Planen er ambisiøs, men realistisk.
Ramma på 1.200 milliardar i NTP er fordelt med 1.076 milliardar kroner i statlege midlar og 123 milliardar kroner i bompengar.
Jernbaneformål får 393 milliardar, medan 33 milliardar går til kystforvaltning. I tillegg blir det pengar til byområda (80 milliardar), lufthamner (5 milliardar) og satsingar på tvers av transportsektorane (3 milliardar).
(©NPK)
Publisert: 19.03.2021 14:42
Sist oppdatert: 19.03.2021 14:44