Kort fortalt
Vil bruke biogass for å nå nullutslepp
Sjøfartsdirektoratet med nye råd.
03.01.2023
(NPK-NTB): Sjøfartsdirektoratet tilrår at cruiseskip bruker biogass for å nå målet om utsleppsfrie verdsarvfjordar.
I 2018 vedtok Stortinget at cruiseskip og ferjer må segle utsleppsfritt i norske verdsarvfjordar innan 2026. Utfordringa har vore at det ikkje finst teknologi som er godt nok utvikla til at større skip kan segle utsleppsfritt, skriv Sjøfartsdirektoratet i ein rapport.

Direktoratet har i rapporten foreslått å likestille biogass med nullutslepp, og tillate bruk av biogass i ein overgangsperiode fram til 2035.
– Det har vore utfordrande å vareta balansen mellom omsyn til klima og å leggje til rette for cruiseanløp, seier underdirektør Henrikke Roald til E24.
Biogass blir vurdert som klimanøytral fordi han ikkje tilfører karbondioksid som ikkje allereie er ein del av krinsløpet, skriv avisa.
– Dette kan bidra til å påskunde heilt nye løysingar for cruisefarten, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide til E24.
(©NPK)
Publisert: 03.01.2023 14:11
Sist oppdatert: 03.01.2023 14:12