Kort fortalt

Vil bruke ekstrainntekter på grøn omstilling

Staten kan få seks gonger høgre inntekt av olje. ne

10.03.2022
(NPK-NTB): Krigen i Ukraina og gasskrisa i Europa gir Noreg enorme petroleumsinntekter. Dei bør gå til grøn omstilling, meiner klima- og energiminister Espen Barth Eide.

– Det er forferdeleg for verda, men isolert sett for den norske økonomien er dette vinn-vinn, seier Eide til Dagens Næringsliv.

Noregs inntekter frå sal av olje og gass kan bli på heile 1.750 milliardar kroner i år som følgje av auka prisar, viser ei utrekning avisa omtalte onsdag.

Regjeringa rekna med å få 277 milliardar kroner i inntekter frå petroleumsverksemda i år, men no kan inntektene bli seks gonger så høge.

– Viss du er oppteken av å auke handlingsrommet i norsk økonomi, at den grøne omstillinga skal gå fort, at vi skal skape nye arbeidsplassar, så er dette ein god situasjon for oss. Men det er ein forferdeleg situasjon for alle. Vi kan ikkje berre seie «hurra», vi må ta medansvar, understrekar Ap-statsråden.

Han meiner Noreg kan utgjere ein forskjell i for Europa innanfor batteriindustrien, karbonfangst og lagring og hydrogen.

Finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski i SV meiner Noreg må stille opp for folk som får rekordhøge straumrekningar, men at vi òg må gi meir pengar til flyktningane frå Ukraina.

(©NPK)

Publisert: 10.03.2022 09:38

Sist oppdatert: 10.03.2022 09:40

Mer om