Kort fortalt
Vil bygge hotell i Sykkylven
Søker investorar.
21.09.2022
Sykkylven-selskapet Sapdesign vil bygge bustader, hotell med 40 rom og lokale som kan nyttast til både utstillingar, konferansar og selskap, skriv Sunnmørsposten.
Planane vil dei realisere ved Klokkahaugen og no er dei på jakt etter kapital.
– Vi meiner at heile Klokkehaugen bør utviklast til bygda sitt beste, til å fremje møbel- og designkommunen Sykkylven. Vi er dessutan inne i eit generasjonsskifte og er nøydde snart til å få ei avgjer om eigedomen si framtid, seier styreleiar Hilde Louise Asbjørnsen i Sapdesign til avisa.
Publisert: 21.09.2022 10:26
Sist oppdatert: 21.09.2022 10:27