Kort fortalt

Vil fôre laks med kylling

Er ein verdifull ressurs meiner Bellona.

08.10.2024

(NPK-NTB): Det er kanskje den største frykta til ein pescetarianar, men miljøstiftinga Bellona vil servere kylling til oppdrettslaksen.

– Akkurat som avskjer frå fiskeindustrien er ein verdifull ressurs, er også kyllingavskjer det. Og det er begge råvarer med høg næringsverdi. Og tilgangen på sirkulære råvarestraumar er avgrensa, seier Olav Fjeld Kraugerud, seniorrådgivar berekraftig fôr i Bellona, til IntraFish.

Han håpar at bransjen tek ansvar og ser lønnsemda i kyllingrestane som ikkje hamnar på middagsbordet.

– For at kyllingmjøl skal bli ein akseptert del av fôrproduksjonen i Noreg, må både aktørane i næringa og teknologiske løysingar tilpassast. Det handlar ikkje berre om å vilje bruke råvarene, men også å sikre at kvaliteten, funksjonaliteten og dokumentasjonen rundt bruken er på plass.

Det er snart 11 år sidan Mattilsynet oppheva totalforbodet mot beinmjøl frå kylling og gris som næring for oppdrettslaksen. Då hadde bransjen lite tru på at dei ville nytte seg av moglegheita.

– Eg tviler på om oppdrettsbransjen vil kaste seg over dette. Dei er nok redde for kva forbrukarane vil meine, sa dagleg leiar i Norsk Protein AS, Lars Aashammer, til NTB.

Og spesielt ei gruppe er kanskje skeptisk til kyllingkjøt i oppdrettslaksen. Pescetarianarar et fisk, men held seg unna kjøt. Kraugerud i Bellona håpar dei kan gå med på eit kompromiss.

– Det er viktig å ha ei rasjonell tilnærming. Hovudfokuset bør vere på kva som er best for fisken, for miljøet og for mattryggleiken. Ved å bruke kyllingmjøl kan vi sikre god fiskevelferd, berekraftig ressursutnytting og eit mindre press på havressursane, seier han.

(©NPK)

Publisert: 08.10.2024 12:54

Sist oppdatert: 08.10.2024 12:54

Mer om