Kort fortalt

Vil fleirdoble vindkraftutbygging

Etterlyser høgare tempo frå regjeringa.

NPK
24.03.2022

(NPK): Eit mål om 25 gigawatt vindkraft innan 2035 er realistisk, meiner bransjeorganisasjonen Norwea. Dei etterlyser fortgang i arbeidet frå regjeringa.

– Det er ikkje ambisiøst samanlikna med andre land. Vi ville gjerne gå høgare, men meiner at eit mål på 15 gigawatt innan 2035 er realistisk. Men då må regjeringa bestemme seg, seier Norwea-leiar Åslaug Haga til E24.

Målet vil krevje at det blir sett opp om lag 1000 av dei største vindturbinane som finst i dag.

Haga legg fram måla på årskonferansen til Norwea torsdag, og meiner det hastar å komme i gang.

Målet om 15 gigawatt er ti gonger meir enn det regjeringa har planlagt i første faste fram mot 2030. På sikt er planen til regjeringa 4,5 gigawatt, som svarar til om lag 300 turbinar, i områda Sørlege Nordsjø og Utsira Nord.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier til E24 at innspelet er ambisiøst og at han tek det med seg vidare.

Målet til regjeringa er urealistisk om det ikkje blir teke grep i dag, seier Haga til Teknisk Ukeblad. Norwea legg no fram ein plan for korleis ein skal få fart på prosessen, der dei mellom foreslår raskare kunnskapsinnhenting, klare tidsfristar og at ein køyrer fleire ulike prosessar parallelt.

Leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag er bekymra for påverknaden på gyte- og fiskeområde og vil skunde seg langsamt.

– Eg tenkjer at vi må ta eitt steg om gongen. Det har vore ein fornuftig framgangsmåte i utviklinga av mange bransjar tidlegare, seier han til E24.

(©NPK)

Publisert: 24.03.2022 10:38

Sist oppdatert: 24.03.2022 10:42

Mer om