(NPK): Vestland fylkeskommune, Nav, NHO, LO og KS går saman om å få fleire i Vestland ut i jobb.
– For å møte behovet for arbeidskraft i åra framover treng vi alle i jobb – både i by og i distrikt. Utanforskap er ei av dei største samfunnsutfordringane, både for enkeltmenneske og for Vestland som fylke. Med dette prosjektet vil vi samle kreftene og finne løysingar som varer. Vi skal gjere meir av det som verkar, samarbeide tettare og dele dei gode løysingane, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei melding på fylkeskommunen sin nettstad.
Det overordna målet med prosjektet «Inkludering i Vest» er å auke sysselsetjinga blant grupper som ikkje deltek i arbeidslivet, og å førebyggje utanforskap.
Prosjektet blir drive i tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Nav, NHO, LO og KS, og vil også knytast til regjeringa sitt samfunnsoppdrag «Ingen barn og unge utanfor.»
– Vi veit mykje om kva som verkar, og forventninga vår til prosjektet er at det skal bidra til at vi jobbar meir kunnskapsbasert i heile Vestland. Spesielt innanfor området flyktningar og innvandrarar ser vi at kommunane jobbar svært ulikt – her ligg det mykje skjult kompetanse som vi må få fram. Det gjer det også blant unge, og arbeidslivet i Vestland har ikkje råd til å miste ein einaste ungdom, seier Bjarte Hysing Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland i pressemeldinga.
Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland, følgjer opp:
– Over 60 prosent av verksemdene i Vestland slit med å få tak i nok tilsette med rett kompetanse. For næringslivet er det avgjerande at vi klarar å inkludere fleire i arbeidslivet. Det at vi no har ei oversikt over tiltak som verkar, og styrkjer desse, gjer at næringsliv og kommunar saman kan ta grep for å redusere utanforskap. Dette vil gi fleire enkeltpersonar ein sjanse i arbeidslivet, i tillegg til å styrkje næringslivet i regionen.
(©NPK)
Publisert: 04.11.2025 14:23
Sist oppdatert: 04.11.2025 14:23





