Kort fortalt

Vil greie ut tre nye havvindområder

Regjeringa ber NVE starte arbeidet.

NPK
14.09.2023

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Regjeringa gir Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å starte strategiske konsekvensutgreiingar av tre havvindområde som kan vere aktuelle for opning og utlysing i 2025.

– Regjeringa har fullt trykk på å utvikle havvindnasjonen Noreg. Vi har stort behov for ny, fornybar kraft i åra som kjem, og havvind kan bidra med ein betydeleg del av denne krafta. Samtidig kan utviklinga av ein heimemarknad gi spennande moglegheiter for å vidareutvikle norsk leverandørindustri, seier olje- og energiminister Terje Aasland i ei pressemelding.

Til utlysingsrunden i 2025 har NVE anbefalt regjeringa å vurdere moglegheita for at dei allereie opna områda Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord blir utvida med felta Sørvest F og Vestavind F. I tillegg ønskjer regjeringa å utføre ei strategisk konsekvensutgreiing av området Vestavind B.

Områda Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord vart opna på bakgrunn av ei strategisk konsekvensutgreiing frå 2012. Utgangspunktet etter 2012-utgreiinga var at det kunne byggjast ut 3000 MW i området Sørlege Nordsjø II og 1500 MW i området Utsira Nord.

Den foreslåtte utvidinga i Sørvest F og Vestavind F endrar føresetnadene for utgreiinga frå 2012, og det må difor gjennomførast ei strategisk konsekvensutgreiing for verknadene av kapasitetsutvidingane.

Regjeringa har også gitt NVE i oppdrag å utføre ei strategisk konsekvensutgreiing av området Vestavind B. Dette er eit område som har gode vindforhold og som har mykje eksisterande infrastruktur som bidrar til kjennskap til etablerte næringar og interesser i området.

Regjeringa sin ambisjon er at det innan 2040 skal tildelast areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel.

(©NPK)

Publisert: 14.09.2023 14:55

Sist oppdatert: 14.09.2023 14:55

Mer om