Politikarane i i Møre og Romsdal fylkeskommune vil innføre bompengar på 300 kroner for å køyre Trollstigen. Det blei vedteke av eit fleirtal i samferdsleutvalet onsdag, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Bakgrunnen er at det trengst meir pengar til rassikring av vegen, enn fylkeskommunen har.
– Det blir veldig dyrt, og vi kan ikkje ta pengar frå bruer og ferjer får å finansiere dette. Eg trur Trollstigen er ei kjempeoppleving som turistane er villig til å betale for, sa Geir Ove Leite (Ap).
Saka skal til endeleg behandling i fylkestinget seinare.
Publisert: 18.03.2026 20:18
Sist oppdatert: 18.03.2026 20:18





