Kort fortalt

Cruisehamn med høg «insta-faktor»

La fram forslag til Olden-kaia.

20.01.2023

Det Trondheim-baserte selskapet Sea-Service har lagt fram forslag og skisser om korleis cruisekaia i Olden kan byggast ut, skriv Fjordingen.

Dagleg leiar Peter Mikael Høvik har presentert planane for Stryn kommune, og seier til avisa at kaia bør vere ein attraksjon i seg sjølv. I tillegg til bølgebrytar, cruisekai med pir og kanal og gjestehamn – foreslår dei ein promenade på pålar ut i vatnet.

– Det er ikkje alle cruiseturistar som reiser ut på utflukter når dei kjem i hamn. Mange oppheld seg i nærleiken av skipet så hamna bør ha høg «insta-faktor», seier Høvik.

Publisert: 20.01.2023 13:45

Sist oppdatert: 20.01.2023 17:00

Mer om