Kort fortalt

Vil ha dumpar-forbod ved skipstunnelen

Kystverket vil ha dispensasjon.

18.12.2023

(NPK): Vestland fylkeskommune meiner Statens vegvesen ikkje må gi Kystverket dispensasjon for bruk av dumpar på fylkesvegen for å frakte masse i samband med bygginga av Stad skipstunnel.

Dette går fram av eit brev frå fylkeskommunen, melder NRK Vestland.

Kystverket har søkt om bruk av dumparar med ei totalvekt på 100 tonn, med eit akseltrykk på 25–35 tonn.

Målingar av bereevna til fylkesvegen viser at han ikkje er eigne til å transportere massar med store køyretøy. Det vil også vere problematisk å transportere massar med ordinære køyretøy, heiter det i brevet frå Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen meiner det bør leggjast opp til bruk av eigne anleggsvegar til transport av massane. Dei peikar også transport av massar på lekter som eit alternativ.

Tidlegare har også samferdsleministeren har vore negativ til bruk av store dumparar under bygging av Stad skipstunnel.

(©NPK)

Publisert: 18.12.2023 14:32

Sist oppdatert: 18.12.2023 14:32

Mer om