Kort fortalt

Vil ha ein norsk standard for turguidar

Vil øyremerkje pengar til arbeidet.

19.11.2024

(NPK): Regjeringa vil sikre auka profesjonalitet, kvalitet og tryggleik i guida reiselivsopplevingar, og vil øyremerkje pengar til arbeidet med utviklinga av ein norsk standard for guidar.

Standard Norge har, på oppdrag frå Innovasjon Noreg, leidd arbeidet med å utarbeide ein norsk spesifikasjon som beskriv den grunnleggjande kompetansen alle guidar bør ha. No følgjer regjeringa opp dette med å foreslå eit øyremerkt tilskot for å støtte opp om arbeidet med å utvikle ein norsk standard til guidar, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Ein Norsk Standard skal beskrive kva basiskompetanse alle guidar bør ha. Ein guide kan vere alt frå ein byguide til ein guide for krevjande aktivitetar i utfordrande omgivnader. Arbeidet skal mellom anna handle om betydninga av lokal kunnskap, tryggleik, risikohandtering og beredskap. Dette er mellom anna viktig i guideverksemd i krevjande naturterreng, som til dømes toppturar.

(©NPK)

Publisert: 19.11.2024 10:06

Sist oppdatert: 19.11.2024 10:06

Mer om