Kort fortalt

Vil ha farlege vogntog vekk

Folk vil ha kraftigare lut.

21.02.2019
NPK-NTB: Krava til vogntog på norske vintervegar må skjerpast, meiner 83 prosent av dei spurde i ein spørjegranskinga NAF har fått utført.
Over halvparten er ikkje fornøgde med kontrollen til styresmaktene med vogntoga, og heile 74 prosent meiner norske firma som kjøper transporttenester har ansvar for tilstandane til vogntoga som blir brukte.
– Folk ønsker at politikarane og vegstyresmaktene tek i bruk kraftigare lut enn dei gjer i dag for å få farlege vogntog bort frå vegane. Vogntoga gir ein uakseptabel utryggleik langs vegen, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF, interesseorganisasjonen til bileigarane.
45 prosent av dei over 1.000 spurde seier dei i vinter har sett vogntog som står fast eller har køyrt ut. Det er få som meiner at sjåføren åleine har ansvar og bør straffast når køyretøyet ikkje er vinterskodd, berre 7 prosent. 40 prosent meiner firmaet bør straffast.
Undersøkinga er utført av InFact for NAF.

Publisert: 21.02.2019 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35