(NPK): Kystverket vil ha med fleire fartøy og eigarar som kan bidra til å verne kysten ved akutt forureining.
Ifølgje ei pressemelding frå Kystverket har Fartøy i Kystnær Beredskap (FKB) vore ein del av Kystverkets beredskap på sjø sidan 2012. Han består i dag av 36 fartøy med kontraktar langs heile kysten. I avtalane er det eit minimumskrav at fartøyet er tilgjengeleg for Kystverket i løpet av 24 timar, 10 månader i året.
Flåten trenar annakvart år på sjøgåande og kystnære operasjonar og er knytt til 13 av Kystverkets depot langs kysten. No søkjer Kystverket fleire eigna fartøy og eigarar som er interesserte i å delta i ordninga.
– Ordninga blei igangsett på bakgrunn av «Forskrift om bruk av fartøy i oljevern» som kom i 2011, og er i dag ein høgt verdsett ressurs, som sett i forhold til kapasiteten dei representerer, kostar relativt lite, skriv Kystverket.
(©NPK)
Publisert: 28.10.2025 16:04
Sist oppdatert: 28.10.2025 16:04





