Kort fortalt

Vil ha fleire småkraftverk

Stortingsfleirtal vil ha meir produksjon frå småkraftverk.

NPK
03.06.2022

Eit fleirtal på Stortinget vil ha fortgang i konsesjonsbehandlinga av nye småkraftverk.

– Dette vil bidra til verdiskaping i lokale bygdestrøk, og gjer at verdiane blir igjen lokalt, seier Sp-politikar Ole André Myhrvold til Nationen.

Torsdag behandla Stortinget regjeringsforslaget til tilleggsmelding til energimeldinga. Blant forslaga som fekk fleirtal er eit ønske om fortgang i konsesjonsbehandlinga av småkraftverk. Ap, Sp og Høgre, KrF og Frp stilte seg bak dette.

Småkraftforeininga har berekna at ny kraftproduksjon frå småkraftverk kan gi nesten 17 terawattimar (TWh) med kraft innan 2030. Det svarer til meir enn Noregs totale kraftoverskot, som i 2021 var på 15 TWH.

Publisert: 03.06.2022 10:56

Sist oppdatert: 03.06.2022 10:57

Mer om